Ein liten engleskule.
Den store saka i norske media sumaren 2007 var det einengleskule på Austlandet som sto for. I utgangspunktet neppe nokon sak for”krigstypene” på forsidene. Og vi lever altså i eit fritt land.
Når det er sagt har vi notert oss at selskapet som drivskulen har eit egyptisk gudinnenamn. Og tematikken på nettsida tyder på atskulen har annan inspirasjon enn den kristne. Vi vonar vi tek feil.
Uansett kan det vere greitt å minne om at den kristne kyrkjahar hatt ein engleskule så lenge ho har eksistert.
Mi spalte denne gongen vert difor ei mini-skule omenglar. Og denne engleskulen erheilt gratis:
Det tek til med Guds Heilagdom
Bibelen sin engleskule går føre seg i templet. I det6.kapitlet av Jesajaboka høyrer vi:
”...Eg (såg) Herren sitja påein høg, høg kongsstol, og slepet på kappa hans fylte templet. Serafar stodikring han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to gøymde dei andletet, med togøymde dei føtene, og med to flaug dei. Dei ropa til kvarandre:
«Heilag, heilag, heilag erHerren Sebaot.
All jorda er full av hansherlegdom.»(Jes.6,1-3)
Men utdanninga på Guds engleskule er ei utfordring. ForJesaja måtte erkjenne:
«Ve meg! Det er ute med meg.
For eg er ein mann medureine lipper,
og eg bur mellom eit folkmed ureine lipper,
og augo mine har settKongen,
Herren, Allhærs Gud.»(Jes.6,5)
Englane kjem med Guds Frelse ogkall
Jesajaboka held fram med å fortelle om at Jesaja fårtilgjeving for syndene sine og vert utsendt i tenesta for Herren.(Jes.6,6flg.)
Velkjent er óg Juleevangeliet, med vitjinga til erkeengelenGabriel hjå jomfru Maria i forkant, som understreker at det er dei små og svakesom får ta imot frelsa og bere Evangeliet vidare. (Luk.1,26 flg., 2,8flg.)
Englane kjem med trøyst
Mange av oss vil aldri gløyme dentragiske ulukka på Rong på seinvinteren i fjor. I gravferda var det somspritualen ”Michael rows the boat ashore” fekk ny meining.
For vi såg at Bibelen gjeverkeengelen St.Mikael ei viktig rolle i slike krisesituasjonar. Som hjelpar forKristus, dødens overmann, både vernar han dei som trur i alt som skjer, ogfører dei heim til himmelen.(Dan.12)
På minnedagen til St.Mikael29.september gjer vi vel i å stoppe opp i ettertanke.
Ein lokal engleskule
Denne vesle engleskulen vil til sist vise vidare.
For Bibelen sin engleskule går i dag føre seg i di eigakyrkje.
I nattverdliturgien i gudstenestavert vi kvar veke minte på denne dimensjonen. Der syng vi saman med englane detsame koret Jesaja høyrde i templet, og som folkemengda song då Jesus reid inn iJerusalem:
«Heilag, heilag, heilag erHerren Sebaot.....»(Jes.6,3; Matt.21,9 m.fl.)
Og vi møter som Jesaja GudsHeilagdom for at vi skal leve eit heilag liv i lovprising og etterfølgjing avHerren, og eige Hans trøyst i liv og teneste.
Og så har kvar den som trur påJesus sin eigen, personlege skytsengel! Det er sant! For det har Han sagtsjølv!
«…dessesmå… har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far.
I aftenbøna ber vi om å få sovneunder vakthald av englane:
«Nålukker seg mitt øye,
Gud Fader i det høye,
i varetekt meg ta.
Fra synd og sorg og fare
din engel meg bevare,
som ledet har min fot i dag.»(NoS 811)
Engle-trua er difor ein viktig delav vår kristne tru. Om du er interessert i englar, trur vi det sporet somBibelen gjev oss er det tryggaste du kan følgje.
Til vidare lesing:
http://www.kyrkja.net/060506.htm
http://www.kyrkja.net/150204.htm
Dei følgjande peikarane leier til fire gode artiklar pånettet som er skrivne ut frå ein katolsk synsvinkel. Der er mykje godt å ta medseg: