Lewisham, i Sør-London 10.august 2003. Eg er på vitjing hos vener i
nabolandsbyen Greenwich. Dei kjenner den lokale soknepresten, og slik vert eg
som norsk prest invitert til å “konselebrere” (feire gudsteneste) høgmessa saman
med han i soknekyrkja St. Stephens.
Det er ein varm dag. Årets varmaste, ja, den
varmaste ein veit om på dei trakter. Dagen før hadde Heathrow 37 grader celsius. No er det over 38 her aust ved Themsen. Sjølv om vi står i sakristiet, renn sveitten.
Her kjem Kenneth, ein av ministrantane og
henger på meg alba, stola og grøn messehakel.
Soknepresten leier oss i bøn før vi stiller opp
i prosesjon. På slaget 10.00 går ein annan ministrant,
Robert først med røykjelseskaret, og så kjem resten av oss, prestane sist. Eg
har fått bere den store Evangelieboka sidan eg i dag er tiltrudd å lesa Det
Heilage Evangeliet.
Mens vi er på veg opp kyrkjeskipet under
inngangssalmen kjem tårene. Og det er slett ikkje bare på grunn av røykjelsen!
For eg tenkjer på orda i Salme 84:
“Kor elskelege dine bustader er,
Herre, allhærs Gud!
Mi sjel lengta,
ja brann av lengsle,
etter Herrens tempelgardar.
No jublar hjarta og kropp mot den levande Gud.”
Framme ved altaret bøyer vi oss for Herren, og
finn plassane våre. Messa (ordet kjem av same roten som misjon), der Gud sender
seg til oss, og sender oss ut til teneste i verda er i
gong.
Det er interessant at i eit land og i eitt
kyrkjesamfunn (Church of England) med generell svikt i kyrkjesøkninga, kan
denne sokna vise til auke.
Kva kan vere grunnen til dette?
For kyrkja er fullsett. Born, vaksne, unge og
gamle. Her sit åtti prosent med karibisk bakgrunn, ti % med afrikansk, kvite
fem prosent og resten har indisk bakgrunn. Guds kyrkje
er fargeglad!
St. Stephens er ei av de kyrkjene i England som er uttalt gamaltruande.
Det tyder at dei vil stå på den klassiske kristne trua, slik vi
finn ho i Skrifta og den kristne tradisjonen.
Ein annan årsak er at den lokale soknepresten er både ein dyktig liturg,
som får folk til å skjøna at rett liturgi-både ved altaret og
i kyrkjeskipet- fører til et møte med Den Heilage. Rom.12,1-2
Men han er óg ein dyktig predikant, som tek
kyrkjelyden inn til eit møte med Herren i Ordet.
Vidare er han og dei andre to prestane ikkje
redde for å seia kva dei meiner og kor dei står i den kampen mellom apostolisk
kristendom og liberal teologi som óg fins i Church of England. Ofte med humor og snert!
Prestegjeldet har óg valt den gamaltruande
biskopen av Fulham, John Broadhurst til sin biskop.
St. Stephens er utan tvil ein del av ein veksande mot-trend mot den
utviklinga i liberal retning som vi finn i alle dei
historiske kyrkjene i både England og Noreg, ja, i heile Vesten. Prestane her
er sterkt knytt til den gamaltruande rørsla “Forward in Faith”(“Framover i tru”)www.forwardinfaith.com
Likevel-full kyrkje!
Kanskje stemmer ikkje dette heilt med forventningane til
kyrkjeideologane rundt om, ikkje minst i vårt land.
Men kanskje har truande frå den tredje verda lettare for å ta Guds Ord
som det står.
Her er det uansett ei djup sanning: Den som vil stå på Guds Ord vil
hauste velsigning, sjølv om det slett ikkje er enkelt
mange gonger:
´Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når
tida kjem skal vi hausta, berre vi ikkje gjev oppª, (Gal.6,9).
Det var stort å få lesa Evangeliet om Jesus som
Livsens Brød før preika. No kallar soknepresten meg
fram til altaret. Saman bed vi eukaristi-
(takkseiiings-) bøna som er det sentrale i nattverdliturgien. Ved Herrens
innsetjingsord rekker eg fram handa til teikn på det heilage mysteriet: At
Kristi lekam og blod er nærverande i brødet og vinen.
Ved utdelinga kjem tårene på nytt. Her står vesle meg med kalken med Kristi blod midt i kyrkja i Lewisham. Eg
opplever det sterkt at ein liten sersjant og Kristi
tenar frå eit anna land vert teke inn i noko som er mykje, mykje større enn han
sjølv.
Og at det er mange, mange fleire enn eg og oss
som vil stå på det vi har fått av Herren sjølv og apostlane i Ordet.
Eg trur at det ville vere særs trusstyrkande for fleire enn meg å oppleve at vi er ikkje kristne for oss sjølv.
Luther talte klårt om Kristi kyrkje som del av
vår tru, både i Katekisma (1528) og i ´Konsilene og Kyrkjaª (1539).
Difor ville det vere mykje til trøyst og styrke
om vi gamaltruande kunne danne eit kyrkjeleg nettverk, både i vårt land, og
saman med alle dei som vil stå på same grunnvollen i andre land.
Men stadig, på nytt og på nytt treng vi, som
dei truande i St. Stephens, å kome saman i vår eiga soknekyrkje og synge
Herrens pris og ære både i kyrkjebenk, ved altar og ved altarbord.
Så ser eg fram til godt arbeidsfellesskap i Guds
vingard saman med dykk óg denne hausten.
Vil de ta kontakt er de hjarteleg velkomne til det:
Dykkar tenar i Kristus Jesus
Svenn Martinsen