Den Vesle Katekisma

 

Del I
DEI TI BODA[1]

Såleis som ein husfar så enkelt han kan skal halda dei fram for familien sin.

med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med Guds vilje.

 

Første bodet
Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.
Kva tyder det:
Vi skal ottast og elska Gud over alle ting og setja all vår lit til Han.

 

Det opphaveleg Andre bodet

Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei!

 

Andre bodet
Du skal ikkje misbruka Guds namn.

Det er: Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje brukar namnet Hans til å banna og sverja, lyga og svika, men kallar på Gud i all vår naud, ber lovar og takkar.

 

Tredje bodet

Du skal halda kviledagen heilag.

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje vanvørder samlinga om Guds ord, men held Ordet heilagt, gjerne høyrer og lærer det.

 

Fjerde bodet

Æra far din og mor di.

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud så vi ikkje vanvørder eller sårar foreldra våre og andre som Gud har sett over oss, men tener og lyder dei. elskar og vørder dei.

 

Femte bodet

Du skal ikkje slå i hel.

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje skader nesten vår på kroppen eller gjer Han noko vondt, men hjelper Han og stør Han i naud og fare.

 

Sjette bodet

Du skal ikkje bryta ekteskapet.(Du skal ikkje driva hor.)

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud, så vi lever eit reint og sømeleg liv i ord og gjerningar. Ektefolk skal elska og æra kvarandre.

 

Sjuande bodet

Du skal ikkje stela.

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje tek noko frå nesten vår, eller narrar det frå han, men hjelper han til å verja det han eig, og betra sine kår.

 

Åttande bodet

Du skal ikkje tala usant om nesten din.

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje svik nesten vår, ikkje baktalar Han eller spreier vonde rykte om Han, men orsakar Han, talar vel om Han, og tek alt i beste meining.         

 

Niande bodet

Du skal ikkje trå etter huset(eigedomen) åt nesten din.

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje prøver å lura til oss arven åt nesten vår og eller huset hans, som om vi skulle ha rett til det, men hjelper han, så han får ha sitt i fred.

 

Tiande bodet

Du skal ikkje trå etter ektemaken åt nesten din, eller arbeidsfolket hans eller andre som høyrer til hjå nesten din.

Kva tyder det: Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje lokkar eller trugar nokon til å forlata nesten vår men minner dei om å vera trufaste.

 

(Opphaveleg var Niande og Tiande Bodet saman=Tiande Bodet)

 

Kva er summen av boda?
Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av heile din hug. Dette er det største og fyrste bodet. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. (På desse to boda kviler heile lova og profetane.) (Matt 22, 37-40)

 

Kva seier no Gud om alle desse boda sine?
Han seier dette:

For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden, når dei hatar meg, men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

 

Kva er det?  Sver:

Gud trugar med å refsa alle dei som bryt desse boda. Difor skal vi ottast for vreiden hans og ikkje gjera imot alle desse boda. Men nåde og alt godt lovar han alle dei som held desse boda. Difor skal vi óg elska han og setja vår lit til han og gjerne gjera etter boda hans.

 

Den gylne regelen:

Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de óg gjera mot dei...”(Matt.7,12)

 

Del II
TRUA

Såleis som ein husfar så enkelt han kan skal halda henne fram for familien sin.

 

Med nokre forklaringar som gjer oss betre kjende med kven Gud er, og kva han har gjort og gjer for oss.

 

Første artikkelen - OM SKAPINGA

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,

som skapte himmel og jord.

Kva tyder det: Eg trur at Gud har skapt meg og alle andre skapningar. Han har gjeve meg kropp og sjel, lekam,vit og alle sansar og held alt dette ved lag. Han gjev meg klede og skor, mat og drikk, hus og heim, ektemake og born, åker og fe og alt det eg treng frå dag til dag. Han verner meg mot all fare og vaktar meg mot alt vondt. Alt dette gjer Han berre av faderleg godhug og Guddommeleg miskunn, utan at eg har fortent det eller er verdig til det. For alt dette skuldar eg å takka og lova Han, tena og lyda Han.

Andre artikkelen - OM FRELSA

Eg trur på Jesus Kristus,

Guds einborne Son, vår Herre

som vart avla ved Den Heilage Ande

fødd av Maria møy,

pint under Pontius Pilatus,

vart krossfest, døydde og vart gravlagd,

fór ned til dødsriket,

stod opp frå dei døde tredje dagen,

fór opp til himmelen,

sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,

skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Kva tyder det: Eg trur at Jesus Kristus er min Herre, sann Gud, fødd av Faderen frå æva, og sant menneske, fødd av Maria møy. Han har atterløyst meg, fortapte og fordømde menneske, kjøpt meg fri, og frelst meg frå alle synder, frå døden og djevelens makt, ikkje med gull eller sølv, men med sitt heilage og dyre blod og si skuldlause liding og sin død. Dette har Han gjort så eg skal vera Hans eigen, leva under Han i Hans rike og tena Han i evig rettferd, skuldløyse og sæle, liksom Han er oppstanden frå dei døde, lever og råder i all æve.

 

Tredje artikkelen - OM HEILAGGJERINGA

Eg trur på Den Heilage Ande,

ei heilag, allmenn kyrkje,

eit samfunn av dei heilage,

forlating for syndene,

oppstoda av lekamen og evig liv.

Amen.

Kva tyder det: Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru på Jesus Kristus min Herre, eller koma til Han. men den heilage Ande har kalla meg ved Evangeliet, opplyst meg med sine gåver, helga meg og halda meg fast i den sanne trua. På same måten kallar og samlar, opplyser  og helgar Han heile den kristne kyrkja på jorda og held henne oppe hjå Jesus Kristus i den eine, sanne trua. I denne kristne kyrkja gjev Han meg og alle truande dagleg forlating for alle synder. På den siste dagen skal Han vekkja opp meg og alle døde og gje meg og alle som trur på Kristus evig liv.

 

Del III
FADER VÅR

Såleis som ein husfar så enkelt han kan skal halda denne bøna fram for familien sin.

 

Med nokre tillegg som hjelper oss til betre å skjøna kva vi bed om.

 

INNLEIINGA

Fader vår, du som er i himmelen!

Kva tyder det?

Gud innbyd oss her til å tru at han er vår rette far og vi hans rette born, så vi trygt og med full tillit kan be til han, så som gode born bed dei kjære foreldra sine om noko.

FØRSTE BØNA

Lat namnet ditt helgast.

Kva tyder det?

Guds namn er heilagt i seg sjølv, men vi bed i denne bøna at det må verta heilagt hjå oss

og-

Korleis kan det skje?

Det skjer når Guds ord vert lært klart og reint, og vi lever etter det som Guds born.

Hjelp oss til det, kjære Far i himmelen.

Den som ikkje lærer og lever etter Guds ord, han vanhelgar Guds namn.

Vara oss frå det, himmelske Far.

ANDRE BØNA

Lat riket ditt koma.

Kva tyder det?

Guds rike kjem av seg sjølv utan vår bøn, men vi bed i denne bøna at det må koma til

oss óg.

Korleis kan det skje?

Det skjer når vår himmelske Far av sin nåde gjev oss sin Heilage Ande, så vi trur hans ord og lever som kristne her i tida og sidan i æva.

TREDJE BØNA

Lat viljen din råda på jorda

så som i himmelen.

Kva tyder det?

Guds gode vilje råder utan vår bøn, men vi bed i denne bøna at han må råda hjå oss og.

Korleis kan det skje?

Det skjer når Gud bryt alle vonde planar og all vond vilje hjå djevelen, verda og oss sjøl­ve, alt som vil hindra at Guds namn vert helga og at Guds rike kjem. Og det skjer når Gud styrkjer oss med ordet sitt og held oss fast i trua til vår siste stund. Det er hans nådige vilje.

FJERDE BØNA

Gjev oss i dag vårt daglege brød.

Kva tyder det?

Gud gjev dagleg brød utan vår bøn, jamvel til vonde menneske. Men vi bed i denne bøna at Gud vil la oss skjøna dette, så vi med takk tek imot det daglege brødet.

Kva er meint med dagleg brød?             

Alt vi treng til å leva, så som mat og drikk, klede og skor, hus og heim, åker og fe, pengar og eigedom, ein god ektemake og gode born, gode arbeidarar og leiarar, fred og godt styre, godt ver og god helse, gode seder og skikkar, gode vener og grannar og meir slikt.

FEMTE BØNA

Forlat oss vår skuld, som vi og forlet våre skuldmenn.

Kva tyder det?

Vi bed i denne bøna at vår himmelske Far må sjå bort frå synda vår, så han ikkje seier

nei til det vi bed om.

Vi er ikkje verde å få noko av det, for vi syndar dagleg og fortener berre straff; men han

vil gje oss alt av nåde.

Så vil vi, på vår side, av hjarta tilgje og gjera vel mot dei som syndar mot oss.

SJETTE BØNA

Før oss ikkje ut i freisting.

Kva tyder det?

Gud freistar ingen, men vi bed i denne bøna at Gud vil verja og hjelpa oss så djeve­len, verda og vår eigen hug ikkje får narra oss og lokka oss til vantru, vonløyse og an­dre synder. Men vert vi freista til dette, bed vi om at vi må vinna siger til sist.

SJUANDE BØNA

Men frels oss frå det vonde.

Kva tyder det?

Når vi bed Far vår i himmelen frelsa oss frå alt vondt, tek vi med alt som gjeld kropp og sjel, eigedom og ære. Og vi bed at han, når vår siste time kjem, i sin nåde må ta oss ut or denne verda, som er så full av sorg, og føra oss heim til seg i himmelen.

LOVPRISING

For riket er ditt, og makta og æra i all æve.

AVSLUTNINGA

Amen.

Kva tyder det?

Eg skal vera viss på at Far vår i himmelen vil ha slike bøner og at han høyrer dei.

Han har sjølv bode oss å be såleis og lova at han vil bønhøyra oss.

Amen, det tyder: Ja, det skal verta så.

 

Del IV
DÅPS-SAKRAMENTET

Såleis som ein husfar så enkelt han kan skal halda det fram for husfolket sitt.

Kva er dåpen?
Dåpen er ikke berre vatn, men han er vatn som Gud har bode oss å bruka saman med Guds ord.

Kva er så det for eit Guds ord?
Det ordet som Vår Herre Jesus Kristus seier: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»(Matt. 28,18-20).

Kva får vi av dåpen?
Dåpen gjev forlating frå syndene, frelser frå døden og djevelen og gjev evig sæle til alle som trur Guds Ord og lovnad.

Kva er så Guds ord og lovnad?
Det ordet som Vår Herre Jesus Kristus seier: «Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.» (Mark 16,16)

Korleis kan vatn gjere så store ting?
Det er ikkje vatnet som gjer det, Vann gjer det ikke, men Guds ord som er saman med vatnet, og trua som lit på dette ordet. Utan Guds ord er vannet berre vatn og ingen dåp, men med Guds ord er det vatn som gjev nåde og liv, eit bad som atterføder ved Den Heilage Ande. Apostelen Paulus seier det såleis til Titus: «Gud frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande.»(Titus 3,5-7).

Kva vil det seia å verta døypt med vatn?
Det vil seia at den gamle Adam i oss skal druknast ved dagleg anger og bot, og døy med alle synder og vonde lyster. I staden skal eit nytt menneske koma fram og stå opp kvar dag. Dette nye mennesket skal leva evig for Gud i rettferd og reinleik.

Kvar står det skrive?
I Romarbrevet seier Paulus: «Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv.»(Rom 6,4).

Eit Tillegg

OM SKRIFTEMÅLET

Kva er skriftemålet?
Skriftemålet fell i to. Fyrst sannar vi syndene våre, og så tek vi imot avløysinga eller syndsforlatinga av den vi skriftar for, i Namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Vi tek imot som frå Gud sjølv, og trur fullt og fast at syndene våre då er tilgjevne hjå Gud i himmelen.

Kva for synder skal vi skrifta?
For Gud skal vi sanna all vår skuld, det gjeld óg synder som vi ikkje veit om, så som vi gjer det i Herrens bøn. Men når vi skriftar for eit menneske, skal vi sanna berre dei syndene som veit om, og som tyngjer samvitet.

Kva slag synder er det?

Tenk på kva du er i livet og kva oppgave du har, og prøv deg på dei ti boda. Er du far eller mor, son eller dotter, arbeids-gjevar eller arbeidstakar, lærår eller elev? Har du vore ulydig, utru, lat, sint, arg eller frekk? Har du gjort noko vondt i ord eller gjerning? Har du stole, forsømt noko, bore deg ansvarslaust åt eller gjort skade?

 

Syn meg ein enkel måte å skrifta på!

Såleis kan de gjera det, du og den du skal skrif­ta for: «Eg har noko å skrifta, og eg bed at du vil tilseia meg syndsforlating for Jesu skuld.» «Ja, legg fram det du har på hjarta.» «Eg sannar at eg er ein syndar som er skul­dig for Gud. Serlegeg sanna ...» (her nemner du dei synder du veit om, og som tyngjer samvitet ditt).

«Alt dette gjer meg vondt, og eg bed om nåde. Eg lovar å betra meg.» Men dersom du ikkje veit om serskilde syn­der (om det er råd), så nemn heller ikkje noka synd. Når du i skriftemålet har sanna di skuld for Gud, så ta imot tilgjevinga.

Så skal den du skriftar for, seia:

Gud vere deg nådig og styrkje di tru. Amen.

Og så:

Trur du at mi tilgjeving er Guds tilgjeving?

Svar: Ja.

Så skal den du skriftar for, seia:

Det skal verta som du trur:

Etter vår Herre Jesu Kristi ord tilgjev eg deg syndene dine i Namnet åt Faderen og Sonen

og Den Heilage Ande. Amen. Gå med fred!

Det står skrive:

«Dersom vi sannar syndene våre, er han tru­fast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.» (1. Joh. 1,9)

Jesus sa til læresveinane sine: «Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.» (Joh. 20,23).

 

Del V
NATTVERDS-SAKRAMENTET

Såleis som ein husfar einfelt skal halda det fram for husfolket sitt.

Kva er nattverden?
Nattverden er vår Herre Jesu Kristi sanne lekam og blod i og med brødet og vinen. Kristus sjølv har innsett nattverden for oss kristne til å eta og drikka.

Kva er nattverden?

Nattverden er vår Herre Jesu Kristi sanne lekam og blod i og med brødet og vinen.

Kristus sjølv har innsett nattverden for oss kristne til å eta og drikka.

Kva seier Guds Ord om dette?

Vår Herre Jesus Kristus, den natta han vart sviken, tok han eit brød, takka, braut det, gav læresveinane og sa: Ta dette og et det. Dette er min lekam som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.

Like eins tok han kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk til forlating for syndene. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg.

Kva får vi i nattverden?

Det syner desse orda oss:«gjeven for dykk» og «utrent for dykk til forlating for syndene». Med desse orda gjev Gud oss i sakramentet tilgjeving, liv og sæle. For der det er tilgjeving for syndene, der er det og liv og sæle.

Korleis kan så store ting skje ved at vi et og drikk?

Det skjer ikkje ved at vi et og drikk, men ved ordet som seier: «gjeven for dykk» og «utrent for dykk til forlating for syndene».

Desse orda er hovudsaka i sakramentet, såman med det at vi et og drikk. Den som trur desse orda, han har det dei seier: forlating for syndene.

Kven er verdig til å ta imot nattverden?

Å fasta og førebu seg i det ytre kan vera ein god skikk. Men verdig og vel førebudd er den som trur desse orda: «gjeven for dykk» og «utrent for dykk til forlating for syndene».

Den som ikkje lit på desse orda, men tvilardei, han er uverdig og ubudd. Orda «for dykk» krev eit hjarta som trur. 

 

TILLEGG

 

DEN VESLE BIBELEN

 

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh 3, 16

 

MISJONSPÅBODET

 

Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. Matt 28, 18-20

Til startsiden LK

Du får teksta på bokmål dersom du trykkjer på den grøne teksten!(Ikkje i .pdf-utgåva.)

 

 



[1] Sjå 2. Mos.20,1-17 og 5.Mos.5,1-22