KYRKJA INFORMERER
Øygarden prestegjeld
Den
miskunnsame Samaritanen.
Luk.10,25-37[1]
“Parable of the Good Samaritan” av Domenico Feti, 1623, Gallerie
dell'Accademia, Venezia.
Døden høyrer med til livet.
Ikkje noko er meir sikkert enn at vi ein gong skal døy. Det same kan vi óg seia
om det å vera sjuk. Likevel vert både sjukdom og død ofte opplevd som heilt
meiningsløyse: Eit uskuldig menneske vert invalidisert i ei ulukke i trafikken,
eit born døyr av kreft, o.s.b. Sjølv om det ikkje alltid er slik, vert sjukdom
og død noko vondt. Sakn og smerte kjem ingen utanom. Men vondt er det.
Eigentlig er det bare når døden kjem istaden for noko som er meir smertefullt,
at han stundom kan verta opplevd som frigjerande.
Gud elskar oss i Jesus
Kristus. Alt Det nye testamentet seier om korleis Jesus hjalp og lækte sjuke,
seier at vår kristne tru ikkje bare har å gjera med det evige livet, men óg med
problem i dette livet. I Det gamle testamente vert det sagt om Messias som
skulle koma:
«Sanneleg,
våre sjukdomar tok han på seg,
og våre
pinsler bar han…
og ved
hans sår har vi fått lækjedom.» (Jes 53, 4-5).
Når vi vert sjuke hjelper Gud oss ved at vi har fått ein kropp som langt
på veg sjølv kjemper mot sjukdom. Men Han hjelper oss óg ved hovudet, hender og
føter til lækjarar, sjukepleiarar og andre medmenneske. Kyrkja si soge har óg
mange døme på at det hender Gud hjelper oss ved eit mirakel. Men djupast sett
hjelper Gud oss mest ved at han ein gong for Kristi skuld vil la oss gå gjennom
døden inn til det evige livet[2].
Dette er ein viktig del av vår klassisk kristne tru. Den enorme
felleskyrkjelege innsats på sjukehus og institusjonar i Norge i meir enn hundre
år er eit uttrykk for dette.
I 1984 gjorde Den norske kyrkja si liturgikommisjon framlegg om å
innføre eit ritual med m.a. salving av sjuke og lidande. Forslaget fekk støtte
av Det Teolgiske Menighetsfakultet, men vart i 1987 lagt bort av biskopane,
etter at det hadde møtt massiv kritikk frå ein del sjukehusprestar og frå Norsk
Kommuneforbund. Ein sjukehusprest så t.d. for seg at det i neste omgang måtte
føra til ritual for «oppvekking av døde».
Likevel har sjukesalving vore praktisert i mange år av nokre prestar i Den
norske kyrkja, men nok meir i frikyrkjene. Dei ortodokse har omtrent samme syn
som dei katolske kyrkjene på sjukesalvinga[3].
Vi vil
gjerne oppmuntre til bøn for sjuke i samband med gudstenester.
Soknepresten
vil óg gjerne koma heim til personar som grunna sjukdom eller andre årsakar er
forhindra i å kome til kyrkja eller av andre årsakar ønskjer vitjing. Presten
tek då gjerne med nattverden og/eller kan be for sjuke med salving. For avtale
ring prestekontoret, tlf. 56 38 22 40/56 38 22 44 eller gje melding gjennom
Heimetenesta/ Heimesjukepleien.
Bøn for sjuke med salving er ei eiga, og hos oss alt for lite brukt handling. Ho utgjer på eit
vis eit sakramentalt høgdepunkt i markeringa og formidlinga av Guds hjelp til
sine lidande born. Sjukesalvinga vart før i den katolske kyrkja kalt for «den
siste olje» sidan den som regel vart gjeve når ein sjukdom vart oppfatta som
særleg livstrugande. I protestantisk samanheng har ofte nemninga vore “bøn for
sjuke”. Nemninga sjukesalving bør no nyttast slik at salving kjem i bruk og
alle kan skjøna at ein ikkje treng å venta med ønskje om forbøn til ein er nær
døden.
Sjukesalving skal vi be om
så tidleg som mogleg når alvorleg sjukdom har ramma oss:
"Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i
forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.
Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og
Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.
Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte.
Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.” (Jak 5, 14-16)
Dette ordet synest å peike på presten(eldste=presbyter) som den vi skal vende oss til når det gjeld
sjukesalving. (Sjå óg Mark.6,13.) Men Gud har fleire andre kanalar Han kan
nytta når det gjeld å lækje sjuke, slik som forbøna i kyrkjelyden i Jesu
Namn(Matt.18,20; Joh.14,13), og nådegåvene til å gjera mektige gjerningar, til
å lækja og til å hjelpa. (1.Kor.12,28) Og kyrkja si diakoni kallar til teneste
og trøyst for sjuke:
“…den
som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si…den som trøystar, skal verkeleg
trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte,… den
som gjer miskunn, skal gjera det med glede. Lat kjærleiken vera ekte! …Elsk
kvarandre med inderleg syskenkjærleik…!”(frå Rom.12,7-10)
Viktig er óg innsatsen til lækjarar, pleiarar og andre som gjer teneste
for sjuke på sjukehus, institusjon og i heimane.
Sjukesalvinga skjer ved at den sjuke vert salva med olje på panna og
hendene mens denne bøna vert framsagt av presten:
”Må Herren ved denne heilage salvinga og sin store
godleik og miskunn komme deg til hjelp med den Heilage Ande, slik at du kan bli
redda frå all synd og frelst få stå opp att. Herre Jesus Kristus, du som kom
for å frelse oss og lækje dei sjuke, vi ber deg: Læk han/henne til kropp og
sjel ved denne heilage salvinga. Gje ham/henne kraft, trøyst og fri han/henne
frå alt vondt. Du som lever og råder i all æve. Amen.”
Dersom det er naudsynt kan ein nytta ein forenkla form med salving på
panna eller ein annan del av kroppen, men heile bøna bør nyttast. Sjukesalvinga
kan gjerne nyttast saman med skriftemål og nattverd dersom dette er mogleg[4].
Utvida
form
INNLEIING
Presten: I Namnet åt Faderen, Sonen og
Den Heilage AndeX.
P: Fred
vere med denne heimen og med alle som bur her.
P: Fred
være med deg/dykk[5].
Presten
vender seg til den sjuke med desse
eller liknande ord:
P: Kjære
bror/syster. (Kjære brør og systre). I det heilage evangeliet kjem dei sjuke
til vår Herre Jesus Kristus og ber om lækjedom. Han som leid så mykje for oss,
er sjølv tilstades midt mellom oss som er samla i Hans Namn. Gjennom sin heilage
apostel Jakob gjev han oss dette påbodet:
"Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i
forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.
Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren
skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.
Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte.
Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.”
JAK.
5,14-16
Eg overgjev
deg difor/La oss difor overgje vår sjuke bror/syster/ til Kristus, for at
du/han/ho må finne lindring og frelse ved hans nåde og kraft.
SYNDSVEDKJENNING
P: Lat oss bøya oss for Gud og
sanna syndene våre.
ALTARBOKA
1920
A:
Heilage Gud, Himmelske Far.
Sjå i
nåde til meg, arme, syndige menneske,
som har
såra deg med tankar, ord og gjerningar
og
kjenner den vonde hug i hjarta mitt.
For Jesu
Kristi skuld, ha tol med meg.
Tilgjev
meg alle mine synder,
og gjev
at eg må ottast og elska einaste deg. Amen.
LUK.15,21.
ALTARBOKA 1920
P:Herrens apostel seier:
Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig,
så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.
1.JOH.1.9.
eller
P: Den
allmektige Gud miskunna seg over oss, tilgje våre synder og føre oss til det
evige livet.
SKRIFTLESING
P: Det
står skrive hjå evangelisten Matteus i det 8. kapitlet:
"Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad
om hjelp: «Herre,» sa han, «tenesteguten min ligg
lam heime og har svære plager.» Jesus sa: «Eg
skal koma og lækja han.» «Herre,» svara
offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre
eit ord, så blir tenesteguten min god att. For
eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg
til éin: 'Gå!' så går han, og til ein annan: 'Kom!' så kjem han, og til tenaren
min: 'Gjer dette!' så gjer han det.» Då Jesus høyrde
det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk:
Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru. Og
Jesus sa til offiseren: «Gå. Det skal skje, slik du trudde.» Og tenesteguten
vart frisk i same stunda.”
MATT
8:5-10.13. ALT. TEKSTAR: SAL.23; MK 6:53-56
Slik
lyder det heilage Evangeliet.
Alle:
Gud være lova.
Med
handspålegging.
P: Lat
oss i tru og audmjukskap be om Guds hjelp for vår sjuke bror/syster, N.
Vær nær
alle sjuke og gje dei av din omsut og kjærleik, du som tok på deg våre sjukdomar
og smerter gjennom din Son Jesus Kristus. Herre, lat N., som i tru på deg skal
salvast med heilag olje, finne lindring for smertene sine og styrke i sin
veikskap. Ved Jesus Kristus, vår Herre. Amen.
VELSIGNING
AV OLJA
dersom
dette ikkje har vore gjort på førehand[6]
P: Lova vere deg, Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik
på miskunn, vår Gud som gjev all trøyst. Du som trøystar
oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst som Gud
trøystar oss med. Herre, du som ved din kjære Son har sett fri så mange
frå deira lidingar, og som gjennom din heilage apostel har oppmoda oss til å
salve dei sjuke med olje med bøn som er boren fram i tru,
vi ber deg: Send Den Heilage Ande, slik at vår syke bror/søster gjennom denne
oljaXfrå oliventreet må få del i di velsigning. Må
han/ho få kreftene attende, gje han/henne din beskyttelse til kropp og sjel og
ta ifrå han/henne all smerte, all veikskap og all uro, i VÅR HERRE JESU KRISTI
DYREBARE NAMN, han som lever og råder i all æve. Amen.
2.KOR.1,3-4;
JAK.5,14-16
P: Jesus
Kristus, du som gav dine heilage apostlar i oppdrag å legge hendene på dei
sjuke og salve dei med olje, vi ber deg: velsign denne olja fra oliventreet. Lat henne bli til
lindring, trøyst og lækjedom for sjel og lekam - inntil det evige livet. Amen.
Dei tre heilage oljene stilt ut i St.Johns Catholic Church, Wahpeton,
North Dakota, USA. Sjå fotnote 4.
Foto: SM©april 2004.
P: Allmektige,
ævelege Gud, du sendte din høglova Son til verda som den rette miskunnsame
samaritanen. I han har du frelst oss frå synda, verda, døden og den onde si
makt, og steller med våre sår i din heilage kristne kyrkje med Heilaganden si
olje og brødet og vinen i sakramentet. Han sendte sine læresveinar ut for å
salve dei sjuke med olje og gjennom sine heilage apostlar har han undervist om
at ein rett prest i Hans kyrkje skal be for dei sjuke, salva dei med olje i
Herrens namn, og tilgje deira synder på Hans vegner. Vi bønfell degX, velsign denne olja, som du har
skapt, og som vi ber fram for deg, lat henne styrkje dei som vert døypte i din
Heilage Ande si kraft, slik at dei alle dagar kan sjå Jesus som sin Frelsar og
Herre, og ein dag nå frelste heim til deg, ved din kjære Son, Jesus Kristus,
vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med den Heilage Ande, ein
sann Gud frå æve til æve! Amen.
ETTER
VELSIGNINGSBØN I SAMLING AV RENÉ YDE.
SALVINGA
Presten
salvar den sjuke på panna og på hendene, evt. óg på ein sjuk kroppsdel, og
seier
P: Må
Herren ved denne heilage salvinga og sin store godleik og miskunn komme deg til
hjelp med den Heilage Ande, slik at du kan bli redda frå all synd og frelst få
stå opp att. Herre Jesus Kristus, du som kom for å frelse oss og lækje dei
sjuke, vi ber deg: Læk han/henne til kropp og sjel ved denne heilage salvinga.
Gje ham/henne kraft, trøyst og fri han/henne frå alt vondt. Du som lever og
råder i all æve. Amen.
FADERVÅR
Evt.
som ny form, 2006
P:I Den Heilage
Ande og saman med heile ditt folk,
bed vi
den bøna Son din sjølv har lært oss:
K: Fader
vår,
Du som
er i himmelen,
Lat
namnet ditt helgast.
Lat
riket ditt koma.
Lat
viljen din råda på jorda
så som i
himmelen.
Gjev oss
i dag vårt daglege brød.
Forlat
oss vår skuld,
som vi
òg forlet våre skuldmenn.
Før oss
ikkje ut i freisting,
men
frels oss frå det vonde.
For
riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
SALMER 1997 0167
VELSIGNING
P: Tak
imot velsigninga.
Herren
velsigne deg og vare deg,
Herren late
sitt ansikt lysa over deg og vere deg nådig,
Herren
lyfte si åsyn på deg og gjeve deg fred. X
4.MOS.4,24-26.
ALTARBOKA
1920
Soknepresten
i Øygarden
Postboks
144, 5331 Rong
TLF:
56 38 22 44
TLF:
56 38 22 43
Mobil:
950 67890
sokneprest@kyrkja.net
[1] Les gjerne preika frå gudstenesta i
Hjelme kyrkje 13.september 2006:
[2] Les gjerne preika frå gravferda i
Hjelme kyrkje 20.juni 2006:
[4] Etter sokneprest Sverre Alfsen,
Skjervøy, og
[5] Deretter kan presten
riste litt vigd vatn på den sjuke og sjukesenga og seie:
P: Måtte
dette vatnet minna oss om vår dåp, og vende tankane våre mot Kristus som har
atterløyst oss med si liding, død og oppstode.
[6] I klassisk kyrkjeleg tradisjon er
det sume stader skikk på Skjærtorsdag at biskopen vier heilag olje(krisma) til
bruk ved dåp, konfirmasjon, preste-og bispeordinasjonar, og vigsel av kyrkjer.
Denne dagen vert óg andre oljer vigd: Katekumenolja vert nytta i førebuinga til
dåpen for dåpskandidatane, og sjukesalvingsolja vert nytta til å gje trøyst og
støtte til dei sjuke i deira veikskap. Lokale prestar tek så herifrå olje med
til sine kyrkjer.