"Samme kirke - ny ordning"
SKG takkar for høve til å gi høyringssvar tilinnstililnga frå Kyrkjerådet sitt stat/kyrkje-utval. Vi vil svare på spørsmåla i høyringsnotatet, men utandirekte nummerering.
SKG meiner statskyrkje-ordninga i lang tid har voremoden for oppheving. Ikkje minstsidan midt på 1970-talet har det vorte stadig tydelegare at Den norske kyrkjahar lidd overlast og teke åndeleg skade av det nære sambandet med staten.
Det er delte meiningar i SKG om det er tenkjeleg atutviklinga kan snu så Dnk kan vende tilbake til den grunn som er nedlagt ihennar eiga vedkjenning. Men heiltavgjerande for svara på spørsmåla etter organisering av den kyrkjelegeøkonomien og oppbygginga av dei kyrkjelege styringsorgana, er om utgangspunktetfor kyrkjeordninga er det rette.
Både ein kristen kultur og eit kyrkjeleg styre må habasis i den kultiske fellesskapen. Skal kristen tru igjen få forme kulturen i vårt land, må folk gå ikyrkja. Og dei som går i kyrkja,må bere ringverknader med seg ut i heim, skule, samfunn, Storting ogstyringsverk. Både ansvaret for åstyre kyrkja og det økonomiske ansvaret for kyrkja sitt liv, må gå ut frågudsteneste-forsamlinga. Denkyrkjelege økonomien må ha sin basis ikkje i stats- og kommune-budsjettet, meni gudstenesta sitt offertorium. Når det kyrkjelege livet står og fell med budsjettvedtak i kommunestyreog storting, er det alvorleg fåre på ferde. Berre om dei truande også ber ansvaret for hennar økonomi,kan kyrkja bli fri frå det utidige politiske og ideologiske presset som harskada Dnk dei siste ti-åra. Kyrkjalever berre så lenge ho er eit personsamfunn og ho døyr om ho vert berre einsamfunn-institusjon. Når den godeidentifikasjonen mellom kyrkja og hennar lemmar er der, vil dei bere ansvarbåde for styring, eigedom og forvalting. Dei som med si tru og sin praksislever kyrkja sitt liv, må både velge dei som skal styre og betale for detkyrkja kostar.
Somme har sett si lit til at ei ordning medval-kyrkjelydar og friare høve til å organisere kyrkjelydar og stift skal gilivsrom også for dei som ikkje vil gå i takt med fleirtalet i trus- ogmoralspørsmål. Vi trur dette kanvere tilfelle som kriseordning, men det kan aldri bli normalordning.
For Landsstyret i SKG
OttarS. Myrseth