Same kyrkje-ny ordning

 

Utdrag frå Høyringssvar:

Øygarden kyrkjelege fellesråd, Bjørgvin(27.08.2002)

Blomvåg sokneråd,Bjørgvin (27.08.2002)

Hjelme sokneråd,Bjørgvin (27.08.2002)

 

Spørsmål til høyringsinstansane

 

Hovudspørsmåla

 

Spørsmål 1: Kan høyringsinstansen slutte seg til dei toprinsipielle hovudsynspunkta på statens religionspolitikk, slik dei er utformai kapittel 6 – side 61?

 

...........

 

Vårt svar: Det bør skje ei endring i retning av ny ordningfor Den norske kyrkja. Vårt samfunn er prega av Den norske kyrkja gjennom mangehundre år, og det er viktig at samfunnsutviklinga i framtida og vert styrt avkristne verdiar.

 

Staten bør føre ein aktivt støttande religionspolitikk somlegg forholda til rette for evangeliet sitt frie løp i Noreg.

 

Spørsmål 2: Kan høyringsinstansen støtte forslaget om ei nyordning av forholdet mellom staten og Den norske kyrkja, slik det er utforma i7.2, mellom anna for å ivareta desse to hovudsynspunkta i framtida ?

 

Vårt svar: Vi støttar forslaget om ei ny ordning avforholdet mellom staten og Den norske kyrkja.

 

Dette inneber at Grunnlova vert endra slik at alleføresegner som i dag berre gjeld Den norske kyrkja, vert tekne vekk. Stortingetmå og oppheve gjeldande lov om Den norske kyrkja og gjere endringar i fleirelover....

 

Nyordninga må sikre kontinuitet i Den norske kyrkja når detgjeld læregrunnlag og identitet. Kyrkje er først og fremst bunden til Kristusog Den heilage Ande.

 

Kapittel 6 og 7: Statleg religionspolitikk, ny ordning ogframtidig lovgjeving (s 61-92)

 

 

 
Vårt svar: ....Detbør vere føresegner i lovs form som sikrar kyrkja sin gamle identitet,læremessig kontinuitet og at kyrkja framleis skal vere riksdekkjande.

 

Spørsmål 4: Bør staten sitt religionspolitiske ansvargrunnlovfestast ?

 

Vårt svar: ... Vi ønskjer framleis at Noreg skal vere eitkristent land, og at dette skal kome fram av Grunnlova.

 

Kapittel 8: Økonomi (s 93-108)

 

Spørsmål 5: Støttar høyringsinstansen det utvalet seier ombehovet for ein samla og samordna økonomi i Den norske kyrkja ? Sjå 8.1-8.4

 

Vårt svar: ....

 

Ja, Den norske kyrkja bør i hovudsak vere meir direktefinansiert av medlemene. Dette er med på å gje det enkelte medlem eit meirdirekte ansvar for økonomien i si lokale kyrkje.

 

Spørsmål 7: Eit fleirtal i utvalet foreslår at kyrkja vertfinansiert ved ei medlemsavgift, medan eit mindretal foreslår eilivssynsavgift. Sjå 8.5.2 og 8.5.3. Korleis vurderer høyringsinstansen dessespørsmåla ?

 

Vårt svar: Vi er samde i utvalet sitt fleirtalsforslag sominneber at Den norske kyrkja i hovudsak vert finansiert av ei medlemsavgift.

 

Ei ordning med medlemsavgift gjer at det enkelte medlem fåreit meir direkte økonomisk ansvar for si lokale kyrkje.

 

Kapittel 10: Organisering av Den norske kyrkja (s 114-149)

 

Spørsmål 8: Bør Den norske kyrkja lokalt organiserast langsdei linene som vert trekt opp i 10.1, 10.2.1, 10.2.2 og 10.4 ?

 

Vårt svar: Vi er samde i dette.

 

Vi vil understreke at omsynet til soknet, som framleis vilvere grunneininga, må liggje til grunn for all vidare planlegging utifrå kvasom tener soknet best.

 

Vi meiner at det framleis skal vere eit fellesrådsnivå,oppnemnd av soknet ved soknerådet/sokneråda.

 

....

Den klassiske prestetenesta må takast vare på, og framleisvere tufta på Bibel og vedkjenning.

 

Spørsmål 9: Korleis stiller høyringsinstansen seg tilforslaga om kva rolle organa på bispedømenivå, Kyrkjemøtet og andresentralkyrkjelege organ skal ha ? Sjå 10.2.3, 10.2.4 og 10.4

 

Vårt svar: Vi ønskjer at Den norske kyrkja skal vere oppbygdnedanfrå, at mest mogleg ansvar og mynde skal ligge til soknet.

 

Spørsmål 10:Kva for valordningar tilbispedømeråd/Kyrkjemøtet meiner høyringsinstansen er mest tenlege ? Sjå 10.3

 

Vårt svar: Vi er samde med mindretalet i utvalet som meinerat bispedømerådet og Kyrkjemøte framleis bør veljast av sokneråda.

 

Kapittel 11: Andre spørsmål (s 150-163)

 

Spørsmål 11:Utvalet har vurdert ei rekkje spørsmål ikapittel 11. Har høyringsinstansen merknader til desse vurderingane ?

 

Vårt svar: Den norske kyrkja har lange tradisjonar ikyrkjegardsforvalting. Det bør vere rom for at denne ordninga kan halde fram.

 

Dagens kyrkjegardar, med vigsla jord, bør framleis tilhøyreog bli drifta av Den norske kyrkja.

 

Kommunen kan ha ansvar for offentlege gravplassar for deisom ikkje ønskjer å bli gravlagt i vigsla jord.

 

Generelt:

 

Spørsmål 12:Har høyringsinstansen andre kommentarar tilinnstillinga ?

 

Vårt svar: Vi vil understreke at vi er samde med medlemene Bergem,Hagesæther, Hegstad, Morland, Skjevesland og Valde når det gjeldtilsynsordninga: Av omsynet til fleksibiliteten i ei framtidig kyrkjeordning,bør det utviklast ordningar for alternativt tilsyn. Jfr. 10.6.

 

Det er eit aukande behov for fleksibilitet i organiseringaav Den norske kyrkja lokalt. Ein bør utvide høvet til å høyre til i eit annasokn, enn det den geografiske inndelinga tilseier, såkalla"soknebandsløysing". Jfr. 11.9

 

Det er viktig at det vert gjeve høve til å dannavalkyrkjelydar. Jfr. 11.9

 

Denne høyringsuttalen er vedteken i møte 27.august 2002 av

 

Øygarden kyrkjelege fellesråd, Bjørgvin (27.08.2002)

Blomvåg sokneråd, Bjørgvin (27.08.2002)

Hjelme sokneråd, Bjørgvin (27.08.2002)

 

Resten av høyringssvaret vårt kan du lese på:

 

http://www.kirken.no/kirkestat_uttalelse.cfm?id=675

http://www.kirken.no/kirkestat_uttalelse.cfm?id=677

http://www.kirken.no/kirkestat_uttalelse.cfm?id=676

 

 

 

*

Den norske kyrkja

Kapellan1(Nordre Fjell)Fjell prestegjeld

 

 

Deres ref.:                                     Vårref.:                       Dato:22.05.02

           

Kirkerådet.

 

HØRINGSUTTALELSE: SAMME KIRKE-NY ORDNING

 

Jegskriver mine merknader direkte inn i innstillingen:

 

10.6Tilsynstenesta

 

Itilslutning til siste merknaden frå Bergem, Hagesæther, Hegstad. Morland,Skjevesland og Valde:

Detskal opprettast ei alternativ tilsynsteneste med ordinert Biskop. På alle plani kyrkja skal ein kunne velje dette alternative tilsynet: Prestar, Prostar,Kyrkjeleg tilsette, Sokneråd, Fellesråd, Bispedømeråd, einskildmdlemmer.

Biskopenskal ha fullt sjølvstendig og territorelt mynde i kyrkja, dvs. visitasrett,rett til å bruke kyrkjene osb.

 

11.9Løysing av sokneband og valkyrkjelydar.

 

Detskal gjevast løyve til at medlemmer i eit kyrkjesokn kan melde overgang til eitanna sokn ved å melde dette skriftleg til kyrkjebokføraren der ein bur.

 

Detskal gjevast løyve til at ei gruppe av medlemmer i eit eller fleire kyrkjesoknkan danne ein valkyrkjelyd som alternativ eller supplement til dei sokn dei erbusette i. Dei skal ha rett til å kalla sin eigen prest, og nytta eit kyrkjehusder fleirtalet av medlemmene bur.

 

 

medhilsen,

 

SvennMartinsen.